mandag 9. april 2012

Bok 19 2012: "Elskede" av Toni Morrison

Ein bør ikkje la seg lure av den søte tittelen på denne romanen, for "Elskede" er namnet på eit gjenferd. Sjangeren kan minne om magisk realisme i og med at her opptrer slike fenomen i ein elles svært realistisk kvardag. Forteljinga dreiar seg om ein mørk del av amerikansk historie, nemleg svarte menneske sine lagnader i slaveritida. Boka er lettlesen, men grusom i all si enkelheit. Morrison fekk Pulitzerprisen for boka, etter tidlegare å ha fått tildelt Nobelprisen i litteratur.

Då eg for mange år sidan studerte engelsk, la vi opp romanen "Sula" av same forfattar. Eg har dessutan lese "Tar Baby" ("Dukke av bek"). Morrisons bøker er enkelt skrivne når det gjeld språk og handling, men temaa ho tek opp omfattar uendeleg mykje meir enn dei orda ho set ned på papiret. Ein les derfor mykje mellom linjene, noko som etter min smak kjenneteiknar god litteratur.

1 kommentar:

  1. Eg trur at eg kanskje har lese denne boka ein gong for lenge sidan. Har i alle fall lese meir enn ein roman av denne forfattaren som eg har stor sans for.

    SvarSlett