torsdag 19. april 2012

Bok 21 2012: "Maya" av Isabel Allende

Det er lenge sidan eg har lese noko av denne forfattaren, men no har eg lånt inn ein bunke. Først ut av desse er "Maya" - ei litt uventa moderne bok av den etablerte forfattaren. Med "moderne" meiner eg her at ho omtalar både facebook og youtube, til dømes, på ein naturleg måte, utan at det verkar krampaktig ungdommeleg.

Maya er ei ung jente av delvis ukjent opphav, og ho opplever mykje dramatikk der ho beveger seg frå USA til Chiloé, ei lita øy i Chile. Det er først og fremst det som handlar om Chile eg finn interessant, og Allende omtalar både militærkuppet, mattradisjonar og overtru på ein interessant måte.

1 kommentar:

  1. Eg las denne boka som lydbok(sjølvsagt) og det gjekk fint halde greie på både personar og hendingar. I motsetnad til"Øya under havet" som eg har tenkt å lese om att.

    SvarSlett