fredag 13. april 2012

Då Gamla slutta å TRENe

For ei tid sidan sa eg opp avtalen med det lokale treningssenteret. Eldstejenta og eg talde som "familietilbod" der, men frå første april såg eg føre meg at vi ville få meir enn nok av anna å tenkje på. Det vart temmeleg dyrt etter kvart, og det er dessutan vår og fint å trimme ute.

I bygda har nokre eldsjeler starta opp med trimgruppe to dagar i veka, der ein møtest på grendahuset og går tur saman. Torsdag hadde eg høve til å delta i bygdetrimmen, og det var ein fin og lett gåtur til Lisjedalen. Det vil seie; eg gjekk saman med to naboar opp, og snudde rett før toppen for å gå saman med ein annan nabo nedatt. Det vart nesten 10 000 skritt, så eg kunne glatt slye meg resten av kvelden, med godt samvit.

3 kommentarer:

  1. Fint å trimme utandørs i "den lyse årstida".( EG torer ikkje å kalle det "Sommarhalvåret")Dessutan er det sosialt å gå tur i lag med andre.Lykke til.

    SvarSlett
  2. Lurt val, ja. Ein tur på 10000 steg med innlagt oppoverbakke, er flott trim!

    SvarSlett
  3. Mykje hyggelegare enn å jogge på tredemølle medan ein ser ut på det nydelege landskapet!

    SvarSlett