tirsdag 3. juli 2012

Bok 37 2012: "Mississippi" av Hillary Jordan

Tilhøva i Sørstatane er ei utømeleg kjelde for litteratur og film. Denne internasjonale bestseljaren har lagt handlinga til landsbygda i Mississippi like etter andre verdskrig, og vi møter fleire ulike forteljarstemmer som kvar gir sin versjon av kva som har skjedd. Romanen er oppbygd med ein slags sirkelkomposisjon, og begynner med at ei gruppe menneske skal gravlegge ein død mann. Eg er svak for bøker med litt original oppbygging, men denne var både enkel og litt føreseieleg etter min smak. Det eg likte best, var karakterane, trass i at det òg vart litt klisjéprega med dei to rivaliserande brørne.

Min konklusjon er at dette ikkje var noko stort litterært verk, men at boka passa godt som sommarlektyre.

3 kommentarer:

  1. Eg gav boka betre skussmål enn du, kanskje fordi den overraska sidan forventningane mine til bestseljarar er mikroskopiske.Dessutan er eg veldig svak for sørstatsromanar og filmar.

    SvarSlett
  2. Eg er veldig mistenksom for bøker i lettlessjangeren med slike romantiske framsider, har to stykker her heime som eg rett og slett ikkje gidd å lese ut, vil ikkje nemne namn på dei...
    Men einig med Olaug, sørstatsromanar har noko eige med seg. Var veldig begeistra for Barnepiken. Og så har eg kjøpt inn Tatt av vinden på dvd, men har ikkje sett han endå, blir vel kanskje ein nedtur, ikkje veit eg. Vil anbefale Nord og Sør på dvd.

    SvarSlett
  3. Jeg har lest så mange fine bøker av denne typen; overnevnte Barnepiken, Ceecee Honeycutts reddende engler, Reisen hjem, Bienes hemmelige liv, Noen kjenner mitt navn, Tilbake til Tall Oaks osv. Mange flotte romaner - ikke bare sørstatsromaner - men Mississippi syns jeg hadde lite handling, kjedelig språk - jeg kom ikke under huden på noen av figurene der.....

    June

    SvarSlett