onsdag 11. juli 2012

Fyll og spetakkel

Grå sommardagar kan brukast til så mangt. Etter frukost i dag sette Storegut i gang med å slå gras med kantklippar, medan jentene begynte å bake ei kake etter oppskrift i ei bakebok for barn som Veslejenta fekk på boksal i påska. Gamla heldt seg i bakgrunnen med råd som "legg bakepapir i botnen FØR du smører forma". Sidan dei høyrde på musikk samtidig, var det ikkje alle råda dei fekk med seg, men kaka blir sikkert ok, den.

Glaseringa var det eg som måtte ta meg av, og glasuren vart relativt tyntflytande. Kanskje burde ein ha meir melis i.



Etter bakinga skulle eg førebu middagen til i morgon, og då jaga eg jentene på dør med musikken på slep. Midt i prosessen presterte eg å skade meg sjølv med kniv, så dei to store måtte ta over kutt-og-hakk-arbeidet. Det blir enkel servering i morgon, for eg vil helst kunne prate med gjestene. På menyen står lasagne, salat og diverse kaker (dei mest intelligente blant dykk har truleg gissa det). Ikkje så avansert, altså, men forhåpentlegvis godt.

Det er mange dyktige kokkar i familien, men namnet mitt ville ha kome langt ned på ei eventuell rangeringsliste. Eg er heller ikkje flink nok til å setje ungane i arbeid på kjøkenet, men heretter skal dei få fleire oppdrag. Dei greier meir enn eg trur.

5 kommentarer:

  1. Det er viktig å sleppe ungane til - og så må dei få litt spelerom. Lasagne er kjempegodt!

    SvarSlett
  2. Dei fleste likar lasagne, og ein kan lage det klart i god tid før gjestene kjem. Dessutan kan eventuelle restar sparast til seinare.

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Lasagne lagar eg når eg ventar Rasmus heim, elles ikkje. Men det er ein genial rett å ha ståande "på vent".
    Elles slit eg med dårlig samvit for at eg ikkje slapp barna meir til på kjøkkenet då de var små, men eg skuldar på at eg brukte opp tolmodet med slikt i jobben, det var ei kvild å "gjere sjølv". Men det ser ut som de har klart dykk bra? Habile kokkar alle tre !!!!!

    SvarSlett
  5. Habil og habil, fru Blom - eg har hatt mange andre interesser siste åra, men no stortrivst eg på kjøkenet!

    SvarSlett