mandag 16. juli 2012

Ikkje lenger pumpelens


I dag kom endeleg "pumpemannen", som vi har venta så lenge på. Varmepumpa vår har stått og samla støv under trappa i mange veker, men i dag fekk vi den opp på veggen i stova, og med ytterdelen trygt plassert under verandaen. Det var ein lang og møysommeleg prosess, spesielt fordi det viste seg at vi hadde fått feil ytterdel, så montøren måtte til tettbygde strok for å bytte den. Det tok åtte timar frå han kom til pumpa var montert, og vi fekk relativt lite ut av dagen, bortsett frå litt bollebakst.

Ironisk nok ville ungane grille til middag, men vi sette oss inne og åt i stabil sommarvarme.

3 kommentarer:

  1. Gratulerer med ein god venn i hustre ver. Må innrømme ar far din heller fyrer i omnen slike dagar, det er alltid noko rusk som skal brennast likevel.

    SvarSlett
  2. Ja, eg kjem nok til å fyre litt dersom eg har ved, men det er greitt å starte dagen med nokolunde varmt hus uansett årstid.

    SvarSlett
  3. Mange fordelar med varmepumpe, ikkje minst kan ein få det varmt på eit blunk!

    SvarSlett