torsdag 19. juli 2012

Rotevatnet rundt




I dag ville ikkje dei to små gå på eit fjell, men ein stad det var flatt. Storegut skulle på fotballtrening, og dermed vart det til at vi følgde han over fjorden og gjekk rundt Rotevatnet. Dette er truleg den mest brukte turvegen i Volda, mykje fordi den passar både for unge og gamle, syklar og barnevogner. Vi såg mange teikn på at Dagmar hadde herja langs vegen i Volda òg, og vi kjende på lukt av pors, såg på sauer og hestar. Då vi kom til Årneset, leika dei litt i karusellen som er der.

Minstemann ville helst diskutere våpen, noko systera og mora var totalt uvillege til. Kanskje var det noko av grunnen til kommentaren hans då vi var attende på stadion: "Ditte he vore en lang og kjedelig tur"

4 kommentarer:

  1. Mange, mange år sidan eg gikk rundt det vatnet no. Skulle gjerne ha tatt turen, og hadde planar om det. Men alle turplanar eg lagde på hylla no. Kan ein gå langs vatnet heile vegen rundt no, eller må ein opp på asfaltvegen?

    SvarSlett
  2. Eit lite stykke med asfalt, før ein går ned til strandanlegget på Årneset og på sti gjennom skogen bort til stadion.

    SvarSlett
  3. Då er det annleis enn den tida vi gikk der, for då var det langt å gå på asfalten, og det er ganske kjedelig.

    SvarSlett
  4. Eit stykke er det, og eg trur ikkje vegen er lagt om. Eg hadde på nye joggeskor, så det gjorde ingenting.

    SvarSlett