onsdag 18. juli 2012

Sjå kva katten drog inn

Etter nokre stille morgontimar saman med katten måtte eg til slutt vekkje Minstemann, slik at han kunne vere med til Folkestad for å hente kompisen.

På butikken henta vi ein gedigen pakke, som inneheldt ein ny dekodar med opptaksfunksjon.

Folk som kjenner meg veit at eg har aversjon mot "duppedittar" generelt, og alt som skal monterast og stillast inn spesielt. Eg tenkte eg skulle greie dette heilt på eiga hand, men først måtte eg vaske steikomnen, rydde kjøkenet, henge ut teppa og vaske kjøken/stove. Då skein det opp såpass eg måtte lufte bikinien ein times tid - det ville vere for gale å sitje inne og montere duppedittar i finevêret. Etter kvart tende eg i grillen, laga middag, jobba i hagen, gjekk i ballbingen med ungane og gjorde så mykje at klokka vart altfor mykje til å begynne å montere. No skal vi snart sjå på tv, og vi vil ikkje risikere å miste tv-signalet heller. Det er visst på tide med eit nytt måltid òg.

Pakken står trygt plassert på salongbordet.

4 kommentarer:

  1. Forstår ikkje kven du kan vere lik ?

    SvarSlett
  2. Haha, kjenner meg godt igjen! Er det dette som heiter prokrastinering? Nr 14

    SvarSlett
  3. Det dummaste av alt er at eg kjøpte dingsebumsen i den tru at dette er noko eg verkeleg treng. Mannen i telefonen sa dessutan at eg skulle betale 100 kroner i månaden, og så fjerna han nokre sportskanalar frå "pakken" min så eg sparte 70 kroner på det. Dessutan ringde han dagen etter bursdagen min, og då gratulerte han meg med overstått...

    SvarSlett
  4. 22. juli vart dekodaren kopla på! Dersom det slumpar til å kome noko kjekt på tv, skal eg vurdere å teste opptaksfunksjonen.

    SvarSlett