lørdag 9. januar 2016

Studium og husmordont

Hosten sit framleis i, og eg hadde ikkje lyst ut i minus åtte grader i dag. Det vart derfor ein roleg dag i godstolen med pensumlitteratur, parallelt som eg har rydda vekk det meste av julepynten. Juletreet skal få stå til i morgon, då dei gode hjelparane kjem heim.

No har eg hengt opp nokre gardiner eg ikkje har hatt oppe på ei stund, og stova er meir fargelaus enn på lenge. Det er i grunnen fint.

3 kommentarer:

  1. Ja, eg ser fram til at julestjernene skal dø. Blir litt slitsomt med mykje fargar.

    SvarSlett
  2. Mine strauk med i år.
    Det var godt å få vekk julegardiner og dukar!
    Elles held eg meg inne til øyret opnar seg att!

    SvarSlett