fredag 1. juni 2018

Hageliv

Denne veka har eg vore inne kvar einaste ettermiddag/kveld på møte og konsert. Eg talde opp at eg har sete 10 timar i politiske møte fordelt på tre dagar, og i tillegg har eg hatt mange sider med sakspapir å lese gjennom. Det var derfor uaktuelt med noko anna enn uteliv då eg endeleg fekk ein fridag.

Først på dagen sola eg meg, deretter vart det litt hagearbeid saman med dei to drengane. Eg måtte òg gå meg ein liten tur då sola steikte på det varmaste. Blomane kjem tidlegare enn elles, men dei står ikkje så lenge heller. Eg håper dei har vet å kome attende ein gong til i løpet av sommaren.
To lilla rododendron tett i tett

Klokkebusk

Hagehund

Planta i fjor, har små rosa blomar

Ein villeg og kvit krypesort

Ballblomen har blømt i ei veke

Buskmure har eg fleire av

Dreng nummer 1

Dreng nummer 2

2 kommentarer:

  1. Ser at mange plantar har kome tidlegare der inne enn her. Her er det nokså smått med blomster enno. Har ikkje planta i kasser og krukker på grunn av målinga.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det kjem seinare hos meg enn hos naboane, truleg fordi eg har meir skog rundt meg.

      Slett