torsdag 9. april 2020

Bok 21 2020: "I all evighet" av Ken Follett

Denne boka er opprinneleg på 1100 sider, og den er delt inn i fleire delar på Storytel. Eg vel likevel å telje den som ei bok, så ikkje nokon skal synast at eg juksar (noko eg kanskje gjorde med den førre bokserien).

I denne boka er vi framleis i Kingsbridge, men det har gått om lag 200 år. Ein flokk born møtest i skogen utanfor byen for å prøveskyte med ein boge. Der vert dei vitne til eit dramatisk opptrinn, og fleire ting skjer som får følgjer for framtida deira. På grunn av årstala er det lett å gisse at Svartedauden kjem til å spele ei viktig rolle, og elles handlar boka om intriger i klosteret, hekseskuldingar, utvikling av industri, lover og reglar - i tillegg til dei private intrigane i liva til dei ulike personane vi vert kjende med. Det er både drama og melodrama, men òg mykje interessant historisk stoff. Eg er ofte kritisk til melodrama, men denne sjangeren krev ein del feider og drama for å halde spenninga oppe. Det er òg ein stor fordel å lese boka over kort tid, så ein hugsar alt undervegs. Follett har ein tendens til å repetere og forklare noko som har skjedd tidlegare i boka på seinare tidspunkt, noko som kan vere irriterande. Likevel ser eg at dette kan vere nødvendig viss ein ikkje "sluker" boka.

Eg ser på internett at også denne boka er blitt filmatisert, så den må eg skaffe meg på eitt eller anna vis. Kanskje skal eg sjå om att "Stormenes tid" også. Heldigvis har eg ei bok til gode òg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar