fredag 10. april 2020

Fjerde koronaveke, dag 5


I dag er det langfredag, men dagen har ikkje vore så lang. Eg gjekk meg derimot ein lang tur til Lisjedalen og inn langs vatnet, der det er svært forandra no når dei har hogd ut mykje av skogen på oppsida. På veg opp snakka eg med fire sambygdingar, og på heimveg møtte eg tre til. Det vart litt prating med alle, og turen vart dermed kjekkare og meir langvarig enn eg først hadde tenkt. Eg merka at det har blitt lite sosialt siste tida, sjølv om eg har mykje kontakt via pc og mobiltelefon.

Vel heime har eg ete og sett meg i godstolen med lydboka mi, og så blir det kanskje tv litt seinare. Isolasjonslivet er noko einsformig, men eg kjedar meg framleis ikkje. Mismotet grip meg til tider, og å gå tur er den beste medisinen mot det. Det er ein viss fare for at eg kan ende opp som ei gal hundedame, men det tek eg med knusande ro. Å ha ein turkompis betyr mykje for meg i denne spesielle tida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar