mandag 9. mai 2011

Bok 31 2011: "Mørketid" av Chelsea Cain

Tidlegare har eg lese dei to første bøkene i serien, og dette er nummer fire. Historia inkluderer ikkje så mykje "Beauty killer" Gretchen, men det var i grunnen greitt. Ein annan massemordar står sentralt, og mordvåpenet er giftige blekksprutar. Eg las blogginnlegga til Systa og Mamma etter eg hadde lese ut boka, og er mest einig med sistnemnde, som synest boka vart langdryg. Eg likte dessutan ikkje motivet massemordaren hadde for å drepe. Likevel var der mange spennande episodar, så det er inga dårleg bok. Kanskje er det berre eg som har gått lei av krim.

2 kommentarer:

  1. No fekk eg eit problem....har gløymt heile greia. Hugsar berre bleksprutane og oversvømmelsen.
    Eg er lei av krim for lenge sidan. Men no les eg ein annleis krim- Lahlum!

    SvarSlett
  2. Eg las denne på kort tid. Det gjer nok sitt til at ein ikkje opplever den som langdryg. Denne var litt annleis, og det set eg pris på.

    SvarSlett