onsdag 25. mai 2011

Bok 36 2011: "Husfrue" av Sigrid Undset

I andre band i trilogien om Kristin Lavransdatter held eitt av litteraturhistorias best skildra trekantdrama fram. Kristin irriterer seg over Erlends mange feil og manglar, og ho ser at Simon Darre på mange måtar er ein langt betre mann. Erlend på si side ergrar seg over den tungsindige kona, og får lyst til å reise ut og krige i staden for å sitte heime og høyre henne fortelje om ungane. Ho føder ei rekkje friske og flotte søner, men Erlend verkar lite engasjert. Utover i boka skiftar forteljinga noko fokus over på politiske saker, og både Kristin og Simon støttar den eigensindige Erlend. Dette er fantastiske bøker, sjølv om ein kan lure på om tankane og kjenslene menneska slit med er historisk sannsynlege.

4 kommentarer:

  1. Om menneskenes hjerter aldri endrar seg, i følge Undset,trur eg tankane gjer det. Vi tenkjer heilt annleis i dag om det meste enn det dei gjorde før.INGEN kan sette seg inn i korleis menneska tenkte i mellomalderen om ein ikkje har skriftlege kjelder å halde seg til. Dette er sjølvsagt mi høgst personlege meining.

    SvarSlett
  2. Det er vanskeleg å definere kva ein liker med bøkene. Eg har lese dei først som 18-åring og så nesten 30 år seinare. det er eit interessant prosjekt i seg sjølv. Noko må ein lese ut i frå at bøkene er 80-90 år gamle. Eg har gitt meg på at ho burde velje Simon ...
    Men dei skulle leita fram skodespelarane for nye filmar!

    SvarSlett
  3. Simon var mykje meir tiltalande i filmen enn i bøkene.Eg forstår godt at ho fall for Erlend,sjølv om han er ein sjarmerande slabbedask. Har ikkje lese bøkene sidan eg var 20+ så eg burde vel lese dei igjen?
    Nye skodespelarar? Veit knapt nokon som er vakker nok til å spele Kristin (Maria Bonnevie er for gammal), eller sjarmerande og flott nok til å ha Erlend si rolle, eller?

    SvarSlett
  4. Bøkene engasjerer, i alle fall. Eg vert frykteleg irritert vekselvis på Kristin og Erlend, medan Simon er den store helten. Det er aldeles hjarteskjerande å lese om korleis han ser på Kristin, som tydeleg viser kjenslene sine for Erlend.

    SvarSlett