tirsdag 31. mai 2011

Fem fridagar i vente

På grunn av eksamensavvikling vart det lite undervisning på meg i dag, men god tid til å rydde pult, føre karakterar, setje papir inn i permar og liknande arbeid som bør gjerast etter kvart, men som ofte vert utsett til slike dagar som dette. Hadde eg fått eit par veker på denne måten, ville nok arbeidsplassen min ha sett heilt annleis ut.

Etter at dei to siste timane, då eg faktisk hadde undervisning (det vil seie: elevane hadde munnleg framføring, så det var dei som stod for showet), tok Eldstejenta og eg oss ein tur på TREN. Det vart både tredemølle og ro-apparat i dag, men ikkje noko særleg stress likevel. I tillegg var vi innom eit par butikkar og biblioteket, der eg fekk med meg eit nett fullt av barnebøker og filmar. Vel heime laga vi middag til heile familien; fiskebollar i kvit saus med steikt bacon, poteter og gulrot til er ein av livrettane for familien. Så enkelt, og så godt. Det meste blir betre med fløyte eller bacon til - det er mitt kjøkenmantra.

Etter middag skulle Barnefaren følgje Storegut på første konfirmasjonsførebuingsmøte. Minstemann og eg las nokre forteljingar om "Rampete Robin", medan jentene bytta på å sjå tv og å vere på facebook. Ein roleg kveld utan stress - i alle fall for oss som vart att heime. Dei to små og eg kan sjå fram til fem heile fridagar utan jobb og skule.

No har eg kjørt Eldstejenta på ferja, og dei to minste har lagt seg. Eg har stukke beina ned i to klissete plastposar; såkalla "baby foot". Det er ei hudbehandling for føtene som krev at ein sit nokolunde stille i to timar. Eg trur det skal gå bra.

2 kommentarer:

  1. Herlig med fridagar:) Eg gler meg!!
    Babyfoot prøvde eg i fjor, og det fungerte bra. Men eg vart litt skuffa over at det ikkje varte så lenge...

    SvarSlett
  2. Eg brukte den ein gong i fjor, og det heldt resten av sesongen. Fekk som tips å ha ein god krem ståande på nattbordet, til smøring av hender og føter ved leggetid. Då kjem ein liksom på det...

    SvarSlett