søndag 16. desember 2012

16. desember: tur i Mjeltvika på tredje søndag i advent


Eldstejenta har vore i Volda på fest i helga, og i dag tidleg ville Storegut plutseleg på bytur. Dei to yngste og eg har hatt ein roleg søndag føremiddag, tent tre lys og gått på tur. Det er mildt og fint ute no, utan så mykje vind, og eg nyt å få gå tur i dagslys når eg har fri.

3 kommentarer:

  1. Fornuftig å gå tur i finevêret. Så fornuftig har ikkje eg vore. Hadde så mykje eg berre MÅTTE gjere i dag.

    SvarSlett
  2. Det kan vel diskuterast kva som er fornuftig og ikkje, men eg nektar å shoppe på søndagar. Litt husvask blir det tid til uansett.

    SvarSlett
  3. Eg ser at vi har mykje meir snø enn dykk!

    Kjøpesentera hadde ope til 18 i går, og det skal dei visst halde fram med etter jul. Det burde halde!

    SvarSlett