lørdag 29. desember 2012

5. juledag: mini-handlerunde

Eigentleg hadde eg berre eit par ærend på butikk i dag, men det kravde ein del krefter og paracet å kome seg opp og ut.

Eitt av ærenda var å stikke innom strikkebutikken til ein kollega av meg. Eg hadde vunne ein strikkepakke på bloggen hennar, og no kunne eg hente garn og mønster til nydeleg hals og hue. Fargen fekk eg velje sjølv, og dermed vart det blått.

Sidan eg allereie var i ein handarbeidsbutikk, hugsa eg endeleg å kjøpe meg sysaker. Eg er ingen handarbeidsentusiast, men eit lite skrin med det mest naudsynte er greitt å ha. Skrinet er dessutan så lite at ein lett kan ta det med i bagasjen på reiser.




3 kommentarer:

  1. Stilig syskrin! (Strikkepakken har eg kommentert på facebook ...)
    Eg har alltid med reisesyskrin. I sommar datt ein knapp frå frøkna sin genser. Då fekk vi endeleg bruk for det.

    SvarSlett
  2. Eg har vore kjend for å pakke med meg alle slags nødvendige ting, alt frå reisestrykejarn til nuppefjernar, men dei siste par åra har eg ikkje hatt orden i sysakene.

    SvarSlett
  3. Det skrinet var lekkert og praktisk, meir tenlig enn det eg såg på butikken her.Garnet var veldig fint!

    SvarSlett