søndag 9. desember 2012

9. desember: andre søndag i advent



Eg har hatt ei effektiv veke som "Mutter aleine", så i dag hadde eg rettefri. Etter ein lang tur ute i nydeleg vintervêr, vart det til at eg vaska huset og baka julebrød (vel å merke i brødbakemaskina). Ungane kom tidlegare enn forventa, og då vart det liv i leiren og musikk i kjellaren. No er det òg tid for juleverkstad med ting frå adventskalenderen, tenning av lys og seriar på tv. Til kveldsmat blir det ferskt julebrød og gløgg. Det gjeld å kose seg og roe ned når ein har høve til det.

2 kommentarer:

  1. Så hyggeleg å bla meg fram til dette, og lese det du har skrive, Margrethe. Heilt konkret skjedde det fordi eg googla "kaldt og mørkt og lite sol.." for å kunne sitere førstelinja i denne julesongen presist i eit julebrev til dei eg gjekk på lærarskulen saman med for svært lenge sidan. Kunne jo ikkje sitere feil i eit slikt brev, ikkje minst fordi vi faktisk har klart å halde det levande i snart 50 år. Synnøve

    Synnøve

    SvarSlett
  2. Kor koseleg å høyre! Eg høyrde forresten Herborg Kråkevik snakke om akkurat den julesongen på tv på laurdag. Vi song den på skulen, og eg likte den svært dårleg som barn. No skjønar eg den kanskje litt betre. Det er gjerne slik med det ein har lært på skulen - ein ser verdien av det lenge etterpå. Ha ei fin førejulstid, og stikk gjerne innom bloggen igjen!

    SvarSlett