lørdag 15. desember 2012

Bok 82 2012: "Zona Frigida" av Anne B Ragde

Eg har hatt litt motvilje mot å lese denne boka, då eg trudde den likna på "En kald dag i helvete" av same forfattar. Ragde har ein svært variert forfattarskap bak seg, og eg må innrømme at eg eigentleg berre har likt "Arsenikktårnet" og "Berlinerpoplene" godt. Å lese "Zona Frigida" med forfattaren som opplesar vart ei altfor stor freisting, så eg plukka den med meg heim frå bibliotekhylla.

Bea er ingen typisk Svalbardturist, men heller ei desillusjonert, storrøykande fyllebøtte. I byrjinga forstår ein ikkje kva som er problema hennar, men ein skjønar at det ligg noko alvorleg til grunn for personlegdomen hennar. Brått er ho ombord i ein båt som skal frakte ei gruppe turistar rundt i Svalbardområdet, og det skjer både alvorlege og dramatiske ting på turen.

Som så ofte elles, likte eg boka ei stund. Det var interessant å sjå korleis fortida til Bea blir avslørt. Når boka deretter held fram og tek ei ny vending, misser eg noko av interessa. Slutten er nesten dårleg. Likevel var det ei god lesaroppleving å lytte til Ragde, som er ein dyktig opplesar. Ein av hennar store styrkar som forfattar er at ho etablerer interessante karakterar, og Bea er ein slik karakter som ein får sympati for og interesse for.

1 kommentar:

  1. Eg HAR lese boka, men det er såpass lenge sidan at eg har gløymt det meste.
    Arsenikktårnet skal eg lese om att ein dag, for den hugsar eg var god.

    SvarSlett