onsdag 9. april 2008

Fineversfridag - igjen!



Sola kjem ikkje før om lag 12.30 her, og innan den tid rekk ein å gjere ein del husarbeid og til og med å lufte ein hund. Storeungane kom heim til ferdig middag, og her har vore full aktivitet med trampolinehopping, sykling og bygging. Minstemann har framleis vondt i foten når han sit på ein stol, men ikkje på politimotorsykkelen sin, tydelegvis.

2 kommentarer:

  1. Her har det vore litt surt i dag.

    SvarSlett
  2. Her har det heller ikkje vore nokon varme, så eg har halde meg inne. Det er vel slik med E. som med oss andre at vi kan gløyme det som er vondt når vi har det kjekt. Eller...?

    SvarSlett