fredag 11. april 2008
It's such a perfect day
Eit frynsegode i jobben min er at vi får tilbringe fleire dagar i året med aktivitetar som konsertar, fjellturar og skidag. I dag hadde vi skidag, etter sterkt påtrykk frå elevane. Etter nokre ærend på leikebutikk m.m. drog eg heim for å gjere klart til bursdagsselskap. Vi såg på vermeldinga måndag og fann ut at vi kunne kjøre det årlege aprilselskapet i dag. Tradisjonar er alvorlege saker, og gjestane var fast bestemte på kva dei skulle gjere. Jentene skulle ri, og gutane skulle ha brytekamp på trampolina. Innimellom trekte nokre seg ut og heldt på med krokket, bocchia, stangtennis og hoppetau. Det er nemleg ein tradisjon at vi kjøper inn nye vårleiker til aprilbursdagen. Det er òg ein tradisjon at det er strålande sol i selskapet, og at foreldra får problem med å få med seg ungane heim. Tre av gjestane kunne ikkje kome, så dei vart berre 18 til bords. På menyen stod pizzabaguettar, pølse m/brød, kukake (sjokoladekake pynta med godtekyr frå Lidl), snacks og vaflar med is og O'boy. Gubben gjekk fram og attende med den eine hesten så jentene fekk ri, og minstemann hadde brytekamp aleine mot sju store gutar som leika zombiar. Både gut og mann sovna på sofaen før kvelden var omme. Hovudpersonen sjølv var svært nøgd med dagen, og storesystera, som på førehand hadde erklært at ho ikkje hadde tenkt å vere i selskapet, fekk reise til Volda og spele kamp (og vinne) mot Ørsta. Gamla seier "vel blåst" og tenkjer at vi er mykje flinkare til å organisere barnebursdagar enn fine selskap. Kva med konfirmasjon etter dette mønsteret, folkens? Damene rir på hest og mennene har brytekamp? Kunne ha blitt interessant....
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ja, hadde vi hatt same energien som 11-åringane, så......Eg veit at de er flinke med barneselskap, og det kjem vel med så ofte som dei pågår.Vaksne greier godt å underhalde seg sjølve og kvarandre med godt prat. Dei fleste eg kjenner HATAR selskapsleikar og anna organisert aktivitet i selskapslivet.
SvarSlettBunad og hest, jau, det høver vel godt i lag! Eg ser det i ånden!
SvarSlett