søndag 13. april 2008

Løpske hundar


Eg reknar ikkje med å få nokon sympati, for det var ikkje akkurat eit sjokk at løpetid ville medføre problem etter at hannhunden vart vaksen. Siste veka har Gubben teke med hannhunden på jobb, men no i helga har vi slite med eit dyr som ular når han ikkje får vere saman med hoa. Dei må luftast kvar for seg viss dei skal gå lause, og i dag vart berre hannen med då familien reiste til Stigedalen for å leike i snøen. Det brunstige dyret fekk gå ein lang skitur saman med meg - han dreg meg faktisk der det er flatt - slik at han skulle få att appetitten på mat og gløyme "dama si". Resten av familien rende på akebrett på Tua. Då vi kom heim, sykla og gjekk eg ein lang tur med tispa, slik at ho òg skulle få litt mosjon. Ho har mist noko pels og ser "pjaskja" ut - heldigvis er championatet i boks... Hannhunden hadde ult heile tida medan vi var vekke. Dei ligg i gangen, tett i tett i kvart sitt gjerde, og no er dei rett så fredelege. Eg lokka i hannen eit par vaffelhjarte i stad, men elles tenkjer han på anna enn mat. Akk ja, så er det berre to veker att av løpetida. For denne gong.

6 kommentarer:

  1. De må i alle fall ikkje risikere innavl. Bianca er vel tanta til Bau?
    Kjem meg ikkje inn på verken Messenger eller E-post i dag.Er aldri sikker på om eg brukar rette koda heller, har to-tre stykke som eg vekslar mellom. DUMT
    Skal på fysio. og til Volda etterpå.

    SvarSlett
  2. Mora til Bau er halvsystera til Bianca, ja, så det er ikkje aktuelt med kvelpar. På sikt skal vi kanskje finne ein betre eigna partnar til Bianca.

    SvarSlett
  3. kult bilde ;)
    -olaug

    SvarSlett
  4. Biletet er frå april i fjor, men eg syntest det passa...

    SvarSlett
  5. Artig bilde! Til å kome i vårstemning av!

    SvarSlett
  6. Ja, dei såg så passeleg våryre ut...

    SvarSlett