torsdag 24. april 2008

Første tur til snuplassen i år


På grunn av to avlyste dansetimar vart det meir energi til overs i dag, og dei to mellomste vart med i skogsvegen på tur i kveldinga. Gubben kjørte oss eit langt stykke opp, men på det siste stykket av vegen låg det noko snø. Vi kom oss opp til den øvste parkeringsplassen, og der snudde vi og gjekk heim. Passe slapp tur eigentleg, men fint å vere ute. Gamla ville høyre på hordar av bokfink, men dei hine ville heller høyre på morosame mobillydar eller synge opera medan vi traska nedover. Vanlegvis plar turar i skogen å motverke hovudverk.

1 kommentar:

  1. Eg har gått skogstur saman med tre nabovenninner. NO lukta eg kumøkk! 6 vikartimar i morgon.
    Nydelege dagar. Håpar det vert slikt ver neste helg!

    SvarSlett