tirsdag 29. april 2008

Jeg velger meg april



Det er mykje å tenke på. Engelskklassa skal ha tentamen i morgon, eg fekk endeleg delt ut særemna og stilane til norskklassa og det går mot eksamen, med alt det som det inneber. I tillegg skal vi ha konfirmasjon på søndag, og det betyr mykje organisering og planlegging det òg. Innimellom alt anna prioriterer eg trim, og i dag var det nummer 3 og eg som gjekk i skogsvegen med hundane. No ligg det berre ein liten flekk med snø øvst oppe, så Gubben kjørte oss til topps. Å gå i nedoverbakke er meir motiverande enn oppoverbakke, og for hundane går det vel på eitt ut. Det er deilig no når det er lyst fram til 22.00, og fantastisk luft etter litt duskregn og mykje mildver. Berre så synd at arbeidsoppgåvene ligg heime og ventar...

2 kommentarer:

  1. Eg trur det er fint for ungane å få vere med mamma på tur heilt åleine.Alle treng å vere "enebarn" av og til.Ser herlig ut i skogsvegane, skulle ønske eg og kunne fått vore med på tur. Kanskje eg kunne gå nedover?

    SvarSlett
  2. Vi får prøve ein dag. Fuglesongen er nesten bråkete no, og kvitveisen blømer så fint.

    SvarSlett