mandag 7. april 2008

Upopulær Populærmusikk


Fredagane har eg firdobbel norsktime i ei klasse, og då passar det godt å sjå film. Sidan vi skal ha svenske tekstar på pensum, valde eg sist fredag å vise "Populærmusikk fra Vittula" - basert på oppvekstromanen med same tittel av Mikael Niemi. Til mi store overrasking hadde nokre av elevane sett filmen før, og dei hadde mislikt den sterkt. Sist eg viste denne filmen, for to år sidan, var elevane heftig begeistra. Eg valde no å vise den uansett om nokre dømde den nord og ned på førehand, for sjølv synest eg den er god både som forteljing og som ei skildring av det å leve i eit språkleg og kulturelt ingenmannsland. Eg las boka etter at eg hadde sett filmen, og i dette tilfellet likte eg faktisk filmen best. Kameraten Niila kjem så tydeleg fram i filmen, og ein får ein utruleg sympati/empati for hans livssituasjon. Klassa var sånn passe lunka etterpå, så eg veit ikkje kor vellukka opplegget mitt var.

Eit år eg hadde ei klasse som det var umogleg å vekkje entusiasmen til, innførte eg omgrepet "perler-for-svin-undervisning".

2 kommentarer:

  1. Eg las boka først og såg filmen etterpå. Eg likte boka best.Den var utrulig morsom i tillegg til alt anna. Filmen var god, den også, men det spørs om elevane dine ser det same i den som vaksne gjer?Forfattaren er særs oppteken av språk og identitet.Han tek opp same temaet i MANNEN SOM DØDE SOM EN LAKS-ei bok som fekk heller dårlege kritikkar og på ingen måte når opp mot Populærmusikk....

    SvarSlett
  2. Eg hadde verkeleg samsen for filmen.Perler for svin?Ja, det er vel ei vanleg kjensle. Eg har ofte ei teoriøkt før vi lagar mat. Eg stiller godt førebudd. Viser eksempel, prøver å vere morosam m.m Midt i rettar ein elev opp handa (eller helst ikkje) og kjem med spørsmålet "kor tid oss ska bjønde?"
    Heldigvis er interessa for ernæringslære aukande også blant ungdom..
    Så mykje film som dei ser og kjem til å sjå, er det viktig at dei får utvida utvalet, og lærer seg å sjå på film som litt meir enn rein tidtrøyte.

    SvarSlett