mandag 13. juli 2009
Bok 42 2009: "Gulldronning, perledronning" av Margaret Skjelbred
Signhild er ei traumatisert jente som endar opp med å bu hos morfaren, som lærer henne å takle verda rundt seg ved å fortelje eventyr og anna folkedikting. Diktinga gir dei omgrep og forklaringsmodellar for å takle dei vonde tinga jenta har opplevd, men òg som utgangspunkt for å skildre positive kjensler for kvarandre. Parallelt med denne hovudhandlinga, som kjem fram gjennom retrospeksjon, får vi høyre fleire gripande historier om kjærleik og misbruk. Dersom eg skal nemne ei svakheit ved romanen, er det at forfattaren bryt ut av det poetiske eventyrspråket og forklarer litt for tydeleg det vi som lesarar allereie har forstått. Likevel er dette ei såpass gripande bok at hovudinntrykket er svært positivt, på ein lettare tårevåt måte.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er ei god stund sidan eg las denne boka, men eg hugsar at eg tykte den litt "søtladne" stilen/språket vart litt feil. Men eg forstår sjølvsagt at kontrastane var tilsikta.Jamt over ei bra bok, men denne forfattaren er ikkje min største favoritt.I tillegg til denne boka har eg også lese Andrea D.
SvarSlett