fredag 3. juli 2009

Gratulerer med dagen, Systa!


Som eldst i flokken tok ho tidleg ansvar, og eg kan hugse at eg til tider hadde meir respekt for Systa enn for mamma. Systa var for meg personifisert fornuft, og det er framleis lite vits i å krangle med henne, sidan ho som regel har rett. I utgangspunktet hadde vi svært ulike personlegdomar, men med åra har vi blitt "likare", som elevane ofte skriv. Systa har lært meg mykje - eg har mellom anna fått mange gode tips om barnestell, som er eit endelaust tema for oss firebarnsmødrer. Vi kan dessutan diskutere hagestell, data, litteratur, jobb og matlaging, for å nemne noko. Humoren er aldri langt unna, og Eldstejenta her i huset plar herme etter måten vi systrene ler ilag på.

I fjor feira vi dagen hennar i Örebro, og vi får ta eit oppsamlingsheat der i år òg. Vi gratulerer, og gler oss til trivelege dagar ved bassengkanten.
Illustrasjonsbiletet er forresten frå 1981 og er teke same dag som ho tok biletet av meg i den lyserosa gensaren. Posituren er nokolunde den same, og det er truleg ho som har stått for arrangementet. Systa jobba på den tida som ekstrahjelp på ein fotobutikk der eg òg fekk jobb etter kvart.

1 kommentar:

  1. Somme eple fell lenger frå stammen enn andre. Solveig er fødd fornuftig-trur ho må slekte mest på faren?
    Nummeret i søskenflokken har ofte mykje å seie for personlegdomen, og S. vart STORESYSTE då ho var vel eitt år gammal. Dessutan er ho meir diplomatisk enn mora, og fekk småsøskene til å lyde med list og lempe.

    SvarSlett