søndag 12. juli 2009

Bok 39 2009: "Øya" av Victoria Hislop


Dette var ei bok eg hadde gleda meg til å lese, og den innfridde verkeleg. Handlinga er lagt til Kreta, der ein isolerer spedalske på ei lita øy utanfor resten av samfunnet. Tida spenner over fleire generasjonar, og sentralt står store kjensler som kjærleik, tilgjeving og forståing for andre sine standpunkt. Notidas personar får større innsyn i eige liv ved å høyre om dramatikken frå fortida, men utan at det heile vert svulstig eller melodramatisk. Absolutt verd å lese.

Takk til K for kjempefin bursdagsgåve!

2 kommentarer:

  1. Det er så fint når man får bokgaver som faller i smak. Denne boken håper jeg at jeg får lest snart :)

    SvarSlett
  2. Viss du les mi vurdering av denne boka, vil du finne at eg ikkje var SÅ begeistra. Eg har ein tendens til å bli skuffa over oppskrytte bøker.
    Bra at ein har litt ulikt syn på det-at ikkje alle likar det samme.

    SvarSlett