mandag 20. juli 2009

Valborg Hustadnes: "Sæterliv i Voldafjell"


Gubben fekk denne boka til førtiårsdagen, og den har vore til glede og inspirasjon. Ein kan lese om seterdrift og sjå kart over nærmiljøet her, så der er mange gode turtips. Sånn apropos turen min i går, vel eg å sitere frå boka:

"Norddalsætra ligg kan hende i finaste området i fjella kring Austefjorden, 580 m.o.h., og sela ligg fint til på ei graskledd høgde ved Geitvikelva. Dalen er innramma av fjell på tre kantar, med opning berre mot sør. Mot vest stengjer det bratte og mektige Blåfjellet utsikta, men gjev også ly når vestavinden kvesser klørne. Mot himmelsjå i nord kneiser Gjuratindane, men Sandegga i aust er mildare i forma, og innbyr vandraren til eit søndagsbesøk. Går du i Norddalen ein solblank sommardag, opnar sansane og let fjellet fange deg, då opplever du kvile, og ei kjensle av fred. Men når kastevindar og villskap sopar gjennom dalen, når skodda driv kring toppane, eller trykkjer som eit lok over ei gryte, då undrast du på om godveret nokon gong kjem att." (side 78)

Eg synest dette var ei særs poetisk skildring, og trøystar meg med at eg opplevde lite kastevind og villskap på gårsdagens tur. Noko Gjuratind, Sandegg eller Blåfjell har eg ikkje skimta omrisset av eingong. Grytelok, derimot...

2 kommentarer:

  1. Berre for å nemne det så er VH gift med ein som eg gjekk i klasse med på gymnaset.Fjell fascinerer meg ikkje.Dei er berre i vegen. Gi meg eit "øppent landskap". men kvar si lyst.

    SvarSlett
  2. Eg gjekk i klasse med eine sonen hennar på vidaregåande! Personleg er eg òg mest glad i ope landskap, gjerne ved havet, men variasjonen i terrenget her på desse kantar av landet er òg vært fascinerande. Å gå på fjelltoppar og sjå ned er ikkje eit eigna turprosjekt for meg.

    SvarSlett