onsdag 1. juli 2009

Utflukt til Overåsanden

I dag skulle gutta til frisør, og då vart freistinga stor til å ta ein skikkeleg tur. Det er i dag ni år sidan vi flytta frå Hareidlandet og inn i fjordbygda, og det hender at vi lengtar attende dit. Ungane og eg enda dermed på Overåsanden i Hjørungavåg, der det var noko kald skoddevind, men likevel fantastisk flott å vere. På heimveg stogga vi hos ortentrovaags og fekk kaffi og sveler - ein meny som passar godt no når det ikkje går ferje lenger!

3 kommentarer:

  1. Takk for besøket! Gartnaren har masa i fleire dagar om sveler. Eg hadde kome så langt som til å kjøpe inn ingrediensane. Hadde vi lese meldinga føe, kan det hende dei hadde vorte etne på stranda. Her vart det kanotur i dag igjen.

    SvarSlett
  2. Dusjsåpa eg sende med deg, var visst ei Olaug hadde fått i gåve for kaninpass......

    SvarSlett
  3. Skal ta med såpa til Sverige! :)

    SvarSlett