søndag 26. juli 2009

Drageløperen


Eg har hatt denne dvd'en liggande i fleire månader, men først i kveld hadde eg nok aleinetid i stova til at eg kunne sjå den. Boka om drageløparen er svært god, sjølv om slutten nesten vart litt for lukkeleg, men filmen var betre akkurat når det gjaldt sentimentalitet. Mykje er annleis i fantasien enn på film, og tilhøva i Afghanistan er såpass framande at filmversjonen er meir korrekt. I dette tilfellet ser eg fordelen med å ha lese boka, men vil òg hevde at filmen er minst like god. Og vesle Hassan var no berre skjønn!

3 kommentarer:

  1. Eg har både lese boka og sett filmen.Likte begge godt,men typisk for meg legg eg meg ikkje heilt flat for "oppskrytte" bøker, eg tykte den var vel sentimental og med for mange lykkelige samantreff på slutten.Likte betre den andre boka til forfattaren:Tusen strålende soler.
    Eg likar i det heile tatt veldig godt å lese bøker/sjå filmar frå miljø som eg eigentleg ikkje veit mykje om.

    SvarSlett
  2. Heilt eining med deg i det du seier om sentimentalitet - den andre boka var vel òg litt sånn.

    SvarSlett
  3. Eg trur amerikanarane taklar sentimentalitet på ein heilt annan måte enn oss......
    Både boka og filmen gjorde sterkt inntrykk på meg.

    SvarSlett