fredag 17. juli 2009

Abort som valkampsak - kor usmakeleg kan det bli?


Kristent Samlingsparti har kome med årets hittil mest usmakelege politiske valkampvideo, der ein mellom anna viser aborterte foster (nokre er over 12 veker gamle). Eitt av dei mest makabre bileta er av ein lege som held hovudet til eit foster i handa. Spørsmålet er, som så mange gonger før: kvar skal grensa for ytringsfridomen gå? Og kvar blir nestekjærleiken av? Det verste er at såpass kontroversielle tema blir fanga opp av media og gir partiet etterlengta merksemd - og såleis kanskje nye tilhengjarar. Eigentleg burde ein derfor ignorere utspelet, og i alle fall ikkje blogge om det, men samtidig er dette altfor grovt til å kunne passere utan kommentarar.

3 kommentarer:

  1. Eg har ikkje sett sette innslaget, berre høyrt litt om det,men det høyrest grotesk ut. Og eg kan ikkje forstå at det går an å slå politisk mynt på slikt.Trur ikkje dei kan få mange NYE tihengerar i alle fall.No er eg ingen tilhengar av provosert abort, men eg gjer meg ikkje til dommer over andre.
    Det siste nye og dumme frå mitt anti-parti (Frp) er opptaksprøve for barn i 1.klasse - for å komme over i 2.klasse.Slå den!
    Forresten går det godt an å diskutere politikk på bloggen-men ein risikerer å få uvenner!

    SvarSlett
  2. Akkurat denne saka er det nok relativt "trygt" å blogge om. Sjølv om folk skulle vere mot sjølvbestemt abort, så trur eg det er få som ville synest det er greit å ta i bruk slike metodar.
    Abortlova kjem ikkje til å bli endra, så kva vil dei oppnå? Plage folk? Fy!!

    SvarSlett
  3. Ja, og dei stakkarane som blir mest plaga, går neppe til motangrep. Ingen er vel FOR abort, og ein kan no tenkje seg til kva tunge tankar mange slit med etter eit slikt inngrep.

    SvarSlett