Vêret skal eg ikkje nemne eingong, men noko må ein no finne på. Blåbærplukking, til dømes. Med fire born og fire blåbærplukkarar burde det gå raskt å raske ihop nokre liter, men berre i teorien. Minstemann brukte blåbærplukkaren sin til gitar (medan mora måtte synge svisker frå "Skrimmel skrammel"), Nummer 2 plukka bær med plukkaren og tømde dei i munnen, og etter fargen å dømme var det ikkje mykje effektiv plukking på Nummer 3 heller.
Det var folksomt i skogen, for nokon har blåse liv i dei usynlege venene til gutane - nokre lesarar vil hugse Viggo og "kona mi, han Per". No har i tillegg Nummer 3 fått to hemmelege venninner som heiter Gunnhild og Malena, og Minstemann har den nye venen Peder. Morosamt er det òg at 12-åringen no har ein fantasivenn som heiter Johannes, og han heldt eg på å kjøpe kinobillett til sist tysdag!
Det blir mykje latter, sang og moro på slike turar - bær vert det mindre av. Men bær finst faktisk å få kjøpt dersom det blir for lite.
De kjem til å ha antioksidantar nok innabords til å motstå den mest hardnakka svinepest.
SvarSlettDet viktigaste er no å ete medan ein plukkar.. Vi driv og et opp rørte blåbær frå i fjor eller forfjor.. Det er kjempegodt på vaflar og pannekaker.
SvarSlettGamla har ein lei tendens til å lage reglar for det meste - både for seg sjølv og andre. Dagens regel: plukk med blåbærplukkar med høgre handa og plukk i munnen med venstre handa. Handhevinga av regelen var relativt sløv, og der fanst inga straff for regelbrot.
SvarSlett