I går vart eg vaksinert. Eigentleg hadde eg ikkje tenkt å gjere det, men så vart vi sterkt oppmoda av sjefane, og då slo eg til. Eg er såpass overtruisk at eg innbiller meg at eg ville ha fått sykja dersom eg nekta å vaksinere meg. Utover kvelden vart eg frykteleg trøytt, slapp, svimmel og fekk hovudverk, og til slutt sat eg i godstolen og sov. Då eg vakna i dag, var eg frisk att, og sjølve sprøytestikket kjennest som ein blåkul.
Eldstejenta var frisk då eg traff henne på "Tren" om ettermiddagen i går, men utover kvelden vart ho brått sjuk og vart henta heim. I dag har ho vore heime frå skulen, og ho er skikkeleg slapp og elendig. Ho har fått Tamiflu, og vi håpar på rask betring.
Dei to mellomste og eg var på "tysdagsdate" på Amfi i Ørsta i dag, der vi prøvde ut den nye caféen. Nummer 3 hadde sagt tidlegare på dagen at det er synd vi ikkje har McDonald's her, men etter maten i dag erklærte ho at det var den beste burgeren ho nokon gong hadde smakt. Gamla hadde gløymt kamera, så de får berre sjå føre dykk hamburgarar, pommes frites og to glade barn (som åt opp alt, bortsett frå paprikaen).
Javisst er vi råflotte, men vi drikk vatn, og sparar mykje på det! Eg må dessutan seie, til vårt forsvar, at dei to borna reiser direkte på korpsøving når vi kjem att frå balletten. Det er derfor viktig at dei får i seg litt "sikringskost".