søndag 1. november 2009

Kristins Oreokake














I dag slo vi til med potetball og oreokake til middag. Gubben hadde laga ball (av ball-mjøl), og kaka var det eg som stod for. Oppskrifta er som følgjer:

Browniesbotn:
3 egg
4dl sukker (eggedosis)
6 ss kakao
2ts vaniljesukker (bland i)
300 g smør (smelt-avkjøl)
3 dl mjøl

bakepapir i botnen, 180 grader i 30 min

Avkjøl i forma

Fyll:
400gr kremost
3 dl kremfløte
110 g sukker (ca 1,5 dl)
1 ts vaniljeessens
2 plater gelatin
200 gr kvit sjokolade
ca ein pakke oreokjeks

Pisk kremost, sukker, vaniljeessens og 2,5 dl av fløten til ein klumpfri masse. Legg gelatin i kaldt vatn i 10 min. Kok opp resten av fløten, ta kjelen av plata og løys opp gelatinen i den varme fløten. Rør i opphakka kvit sjokolade. Bland dette med kremostfyllet. Grovhakk oreokjeksa og hiv ned i til slutt. Legg over botnen. Så kjem det vanskelege: Lat kaka stå i fred i kjøleskapet til dagen etter......

Takk til K for oppskrifta!

3 kommentarer:

  1. Heisann...takk for hyggelig kommentar hos meg!!

    Den kaken så helt fantastisk ut..yummi!

    Så fine hunder dere har. Har selv vokst opp med to stk Bearded Collier...søteste hundene!!

    Klem

    SvarSlett
  2. Den kaka såg/høyrdest vidunderlig ut.Oreokjeks har eg aldri sett, men det er vel berre å spørje på butikken dersom eg skulle få ånden over meg.

    SvarSlett