lørdag 14. november 2009

Kunsten å gråte i kor - no også på film


Eg las romanen av Erling Jepsen tidlegare i år, og filmen kom eg over på ein lokal butikk for vekesvis sidan. Sidan innhaldet er såpass spesielt, har ikkje dette vore nokon "familiefilm" med popcorn og brus, akkurat, men Eldstejenta og eg såg den no i kveld. Eg hugsa ikkje alle detaljar frå romanen, men la merke til at den barnslege synsvinkelen berre delvis var spegla att ved bruk av voice-over. Handlinga vart dermed mykje tydelegare og meir brutal enn i romanen. Noko eg sette stor pris på, var bruken av den sønderjydske dialekten. Den har eg  ikkje høyrt mange døme på tidlegare. Elles var skodespelarprestasjonane gode - spesielt far og son var godt portretterte. Ein god film om ein mild sagt dysfunksjonell familie.

2 kommentarer:

  1. Eg las denne boka, som var annonsert som "svart humor". No synest eg ikkje at incest t.d. er særleg humoristisk same kor svart det er. Men eg trur likevel eg har lese boka på feil premissar. Derfor kunne eg godt tenkje meg å sjå filmen.

    SvarSlett
  2. Eg tek den med ved neste visitt!

    SvarSlett