onsdag 4. november 2009

Indiana Jones på nye eventyr


I dag var det litt vanskeleg å få med seg Minstemann ut på tur, så vi gjekk heller tur ut på tunet og vaska bil. Det hadde han nemleg lyst til. Gamla kommanderte poden av stad for å ta på seg uteklede (sjølv stilte ho i Felleskjøp-dressen sin), og han kom att som Indiana Jones. Arbeidsfordelinga var klar: Indiana spylte og song kjenningsmelodien til Indiana Jones-filmane, medan Gamla gjekk etter med såpevatnet. Til slutt spylte han vekk såpa, og då vart det litt for freistande å sende av garde nokre strålar mot mora òg. Første to gongane trudde eg han då han sa det var eit uhell...

2 kommentarer:

  1. Synest nesten det er synd å kjøpe ny hatt til Indiana no når han har funne eit så bra surrogat.

    SvarSlett
  2. Ja, det er ikkje lett å halde seg alvorleg alltid...

    SvarSlett