lørdag 14. november 2009

Morfar 73


Vi gratulerer morfar i Ørsta med dagen! Biletet er henta frå våren 1995, og det viser noko av det unike barnetekket (og dyretekket) han har og alltid har hatt. Det viser òg det stilsikre klesvalet hans.

Eldstejenta fekk mykje fokus den tida ho var einebarn, og sommaren same året var det ho kommanderte han rundt som gammal hund. Våren 1997 måtte han forresten leike Barbie-bryllaup med henne; det tok vel kaka når det gjeld pass av barnebarn.

1 kommentar:

  1. DEtte er eit veldig koselig bilde, og eg hugsar godt dagen vi var og såg hestane på Tømmerbakkane.

    SvarSlett