lørdag 21. november 2009

Slektstreff i Ørsta


Tradisjonar skal ein ikkje kimse av, og i familien er det tradisjon for å feire Pappa sin bursdag med julemiddag. Så også i dag, sjølv om bursdagen var førre laurdag. Full julemiddag, "desserten med bær, krem, vaniljekrem og marengs som ikkje har noko namn", Systas karamellpudding, gulrotkake, oreokake og blautkake. Ein koseleg dag der ingen gjekk svoltne heim.

4 kommentarer:

  1. Vert vi svoltne att i kveld? Her vil enkelte ha ein mager månad....

    SvarSlett
  2. Her har vi landa på popcorn og potetgull til kvelds...

    SvarSlett
  3. Dei var ikkje særlig svoltne dei som sat att her heller.Føler at eg vart ei litt slapp vertinne etter første måltidet.

    SvarSlett
  4. Slapp vertinne, slappe gjestar? Deilig å ete julemat utan resten av juleprogrammet også.

    SvarSlett