Tysdagane dei siste vekene har Eldstejenta hatt som oppgåve å hente ballerina-systera si på ferja og underhalde henne fram til mora er ferdig på jobb. Som dei mest oppvakte og ivrige blant dykk kanskje har fått med seg, har vi brukt å finne på noko kjekt desse tysdagane. Nummer 2 har slått følgje. Planen i dag var å gå på kinarestaurant, men så vart Nummer 3, ballerinaen, sjuk. Kva gjorde vi då? Gjekk på kinarestaurant, så klart!
Og bekymra bestemødrer lurer på kva som feilar ballettdansarinna. Har ho fått influensa, eller?
SvarSlettNei, det trur eg ikkje. Begge dei små vart sende heim frå skulen i dag, og no verkar dei litt slappe, men ikkje akkurat sjuke heller.
SvarSlettGod betring uansett sykje!
SvarSlettHøyrde på TV at ein kan få Tamiflu på apoteket utan å gå til lege. Ein fyller ut eit skjema og så kan farmasøyten levere ut medisin viss han/ho meiner det er relevant.
SvarSlettDet er mange sjuke i bygda, men det er uvisst om det er "svineri" eller ikkje.
SvarSlett