lørdag 7. november 2009

"Se opp" for rørande scener...


I dag var det "den store kinodagen", og dei tre yngste og eg nytta høvet til å få sjå filmen "Se opp", som eg har høyrt mykje rosande omtale av. Filmen handlar, kort fortalt, om ein gammal mann og ein irriterande speidargut som flyg av garde i eit hus. Tematikken ligg på eit plan som passar betre for godt vaksne og gamle enn for born; det handlar mykje om å kome vidare i livet trass i tapte draumar og tapt kjærleik. Eg sat med klump i halsen gjennom heile filmen, må eg innrømme, men ungane påstod at eg hadde ledd heile tida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar