søndag 1. november 2009

Religion, krig og fred og sånn...

Minstemann var i det religiøse hjørnet i dag, kanskje inspirert av krossen på Kile (no har han endeleg forstått at "kross" tyder "kors"), og han fortalde meg villeg om Adam og Eva, himmelslottet som Jesus bur i og om himmelen, der alle snille menneske som trur på Gud bur. Oppfølgingsspørsmålet mitt var: kva med dei som trur på Gud, men som ikkje er snille? Etter ein kort tenkepause kom det: "dei trur ej at han drepe".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar