mandag 1. februar 2010

Tilsammans

Svenske filmar er ofte gode, og denne er ikkje noko unntak. Eg har sett den fleire gonger, slik ein gjerne kan når filmen er god nok. Tittelen viser til namnet på eit kollektiv i Stockholm på 1970-talet. Filmen ironiserer over verdiar og synspunkt blant dei revolusjonære hippiane, eller kva ein skal kalle dei. Ein må no berre le med regissøren når han viser kor dei praktiserer fri seksualitet, et vegetarmat og nektar å kjøpe TV. Diskusjonen om kor vidt "Pippi Langstrømpe" ikkje bør lesast fordi ho er kapitalist, er kanskje eit høgdepunkt fordi eg er norsklærar.

Eitt av borna i kollektivet lid tydeleg under det å skilje seg ut i mengda. Ho seier noko om at dei vaksne absolutt må gjere det motsette av det vanlege folk gjer - til dømes kle seg stygt. Ei viktig påminning om at vaksne ikkje kan velje ein alternativ livsstil utan at det får innverknad for ungane.

2 kommentarer:

  1. Det blir litt sånn som han i "Mannen som elsket Yngve" : "Hæ, ska du bjynne på handelsskolen? J ... kapitalist!"

    SvarSlett
  2. Det er lett å ironisere over fortida. Vanskeligare å sjå fenomen i notida med "friske auge".
    Kom til å tenkje på Gymnaslærer Pedersen;tenk på alle dei intellektuelle/intelligente folka som frika ganske mykje ut.

    SvarSlett