I dag kjørte eg Nummer 2 og 3 på ferja. Faren venta på hi sida for å ta dei med på Reset, det lokale skisenteret. Eldstejenta og eg gjekk tur med hundane medan Minstemann var i selskap med naboguten, og etterpå tok han og eg med oss den eine hunden på sparktur.
Legg merke til stilen på det nedste biletet: Gamla for fremst på sparkstøtting, hunden drog Minstemann etter seg for å ta meg att.
I dag har det vore ein bonusdag kva veret angår.Skulle gjerne hatt ein mykje lengre sparktur, men det gjeld å passe måten.De har vel ikkje fått sola på Bj.?
SvarSlettNei, den kjem på løda den 2. februar, og på huset den 8. Heldigvis treng vi ikkje gå langt for å kome til solrike stader.
SvarSlettDet var kjekt med selskap, og det var kjekt å ha Erlend her..
SvarSlettLurte på om du hadde ei god bok å låne meg til oppholdet mit. Du har så mange bokanmeldelsar - ha vore kjekt å få nokre tips.
Skal sjå, Nina, om eg finn nokre gode i heimen. Elles har eg lånt mykje på biblioteket - spesielt lydbøker, som er ei fin avkopling, og som fungerer fint som sovemedisin!
SvarSlett