onsdag 30. juni 2010

Sunnmøre - ein landsdel for spesielt interesserte...

Skodde, regn og 10 - 15 grader. Ekte sunnmørssommar. Så snart det sluttar å regne, kjem knotten. Gamla har ikkje bil. Sukk...

Eldstejenta, Veslejenta og Nabojenta sykla til Folkestad for å gå på butikken. Storegut, Minstemann,  Naboguten og eg gjekk tur ned i fjøra og kasta steinar i vatnet. I mangel av noko betre å finne på.

Vidare gjekk Gamla seg ein tur etter vegen, Eldstejenta sykla til Folkestad og reiste vidare til Ørsta på kino og overnatting, Storegut sykla på overnattingsbesøk til ein kompis lenger inne i fjorden og Veslejenta vart med Nabojenta heim for å overnatte der.

I kveldinga sit Minstemann og eg og et is med sjokoladesaus og peanøtter medan vi fyrer litt i omnen for å halde varmen. I følgje Storm.no blir det forbigåande 20 grader og strålande sol i morgon. La oss håpe det!

4 kommentarer:

  1. Du håper vel ikkje at det er forbigåande?
    Elles kan eg godt tenke meg å flytte sørover-viss alle blir med?
    Eller kanskje ikkje!

    SvarSlett
  2. Ja, der he me det: du og pappa kan flytte til Spania, og så kjem heile gjengen på besøk til stadigheit. Idyll!

    SvarSlett
  3. Eg tenkte ikkje akkurat på Spania, heller Sør-Aust Norge e.l.

    SvarSlett
  4. Her i Gloppen har vore ein strålande dag i dag, men eg fryktar det var forbigåande det og.

    SvarSlett