fredag 2. juli 2010

Ein vakker dag

I dag var meldingane gode, men skyene hang tunge på himmelen fram til klokka var halv to. Eg la meg ut i bikini klokka 11, men kledde fort på meg. For å få varmen i meg, klipte eg like godt plenen, såpass eg kunne flate ut med godt samvet då sola endeleg braut gjennom. I løpet av dagen greidde eg å bli litt solbrend - sanneleg på tide, no når vi har gått inn i juli månad. Det vart ein tur i kveldinga, men ingen bilete for min del. Eldstejenta gjekk seg ein tur på Gamlegjerdet med kamera for å ta bilete av den vakre solnedgangen, og eg knabbar eitt som illustrasjon. Det har vore ein nydeleg dag, og vi tek gjerne imot fleire slike!

1 kommentar:

  1. Det var eit veldig fint bilde, må du helse henne og seie.Sjølv lurer eg på å kjøpe nytt kamera, men då må eg også ta bryet med å lære meg å bruke det. Det var utrulig fint då vi køyrde over Eidet i går, og hadde det ikkje vore for at vi var ulyste av å farte på, så hadde det vore den ultimate kvelden til å fotografere på Flø. Nils og Hassan skal ut og fiske no klokka 10.

    SvarSlett