søndag 28. november 2010

Første søndag i advent




Nok ein iskald og nydeleg vintersøndag! Minstemann og eg gjekk ein tur med hundane før middag, og hundane storkosa seg med å rulle rundt i det vesle som finst av snø. Middagen var svineribbe i dag, og det smakte sjølvsagt godt etter ein stor posjon frisk luft som forrett.

Eigentleg skulle eg ha vore med på julegrantenning, men Veslejenta vart sjuk, så då måtte eg vere att og passe henne. Då dei hine kom att, gjekk eg ein tur til med den eine hunden - det har blitt altfor lite trim i det siste. Det er noko med at ein kjem frostige heim i halv ni-tida om kvelden og ikkje gidd gå ut att...

I kveldinga fekk Minstemann tenne på det første lyset i den nye staken. Det går mot jul, ingen tvil om det, og for ei firebarnsmor med full jobb er det ikkje berre kos med advent...

3 kommentarer:

  1. Snakka med bror vår, svineribbe der i huset og ...

    SvarSlett
  2. Ikkje berre ny stake men fin løper også, ser eg Kjekt å pynte litt til advent også.

    SvarSlett