mandag 6. desember 2010
5. desember: "Winter Wonderland"
Søndag drog eg med meg dei to yngste og hundane på sesongens første akebrett-tur. Hundane fekk på seg sele og drog ungane etter seg på flate vegen, medan Gamla sprang føre og plystra. Litt merkeleg oppførsel, synest de kanskje, men heilt gangbar i rurale strok. Trur eg.
Dagen var fantastisk vakker, og ein merka godt at temperaturen hadde stige nesten ti grader.
Barnefaren brukte dagen til å lage "juleball" (potetball med pinnekjøt), så svoltne turgåarar kunne gå til duk og dekka bord då dei kom att. Vi markerte òg at det var andre søndag i advent, og denne gongen var det Veslejenta sin tur å tenne lysa.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det såg veldig kjekt ut med hundar og barn i fint vinterver. Eg ønsker meg skikkelig sparkføre !
SvarSlettSkikkeleg flott ute no, og den juleballen smakte sikkert godt!
SvarSlett