fredag 17. desember 2010

17. desember: endeleg fredag

I dag var eg frykteleg trøytt og sliten etter veka, og eg hadde ein relativt fullbooka jobbdag med forbausande lite filmsjåing, som er den vanlegaste aktiviteten desse siste dagane før juleferien. Eigentleg kjende eg meg sliten allereie før dagen starta, i og med at det var ein del spenning knytt til om eg kom meg på jobb uskadd og til rett tid. Trafikken er frykteleg for tida, med stressa sjåførar og glatte vegar.

Etter jobb gjekk eg, slik eg plar på fredagane, på café. Denne gongen vart vi fire til bords, og det er alltid hyggeleg å avslutte jobbveka med ein slik time-out med prat om laust og fast. Eg har mange supre kollegadamer!

Det vart ein hektisk ettermiddag med handling, moking og kjøring/henting av diverse ungar, men til slutt var dei fleste i hus så eg kunne kaste meg over stilbunken eg no er over halvvegs i. Målet er å få den ferdig og utlevert før jul, for då får eg berre éin bunke i romjula.

Julestresset med gåver og slikt er eg så og seie ferdig med, så i helga skal eg prioritere aktivt uteliv og stilretting - ein uslåeleg kombinasjon. Kunsten er å vere så mykje fysisk aktiv at ein finn roa ved arbeidsbordet etterpå. Spørsmålet er kor lenge ein orkar å vere ute i kulden.

God helg til alle der ute - og kjør forsiktig!

1 kommentar:

  1. I fjor retta eg og delte ut 3 bunkar før jul. I år vert det etter nyttår. Eg trur elevane er mest opptekne av ball og juleferie over helga. Så kan ein håpe på nyttårsforsett t.d. lære av feila sine ...

    SvarSlett