fredag 17. desember 2010

Bok 62 2010: "Bisettelsen" av Lars Saabye Christensen

Den siste boka i trilogien er rørande god. Eg fekk sporenstreks lyst til å høre alle tre bøkene ein gong til, denne gongen i rette rekkefølgja. Dette er kvalitetslitteratur som kan lesast på fleire nivå, og bøkene utviklar seg utover i serien til å bli meir kompliserte i komposisjonen, mindre realistiske og meir spennande. Vi får gradvis vite meir om kva som skjer med ungdomskompisane frå Briskeby, og bandet Beatles er med til siste slutt.

Årsaka til at eg las desse bøkene no, var at ein elev skal skrive fordjupingsoppgåve (=særemne) om trilogien. Eg er spent på resultatet av både hennar og dei 28 andre norskelevane mine sine arbeid. Vi skal begynne for fullt like etter nyttår og bli ferdige i byrjinga av mars.

2 kommentarer:

  1. Eg har også lyst å lese alle tre bøkene fortløpande. Lars SC er ein fabelaktig forfattar, og han evna til å balansere mellom realisme og eventyr.Eg plar seie at eg les ikkje bøker for å høyre om andre sine kvardagsproblem, derfor elskar eg forfatterar som Isabel Allende og Lars SC m. fl.utan samanlikning for øvrig.

    SvarSlett
  2. Ja, og han er blitt merkbart betre med åra.

    SvarSlett